Politijakt etter drapsdømt mann
Svensk politi jaktar på ein drapsdømt mann som har rømt frå ein fangetransport nær Örebro. – Dette burde ikkje vere mogleg, seier Evin Cetin, som representerte drapsofferet sine pårørande under rettssaka, til SVT. Mannen er dømt til 14 år i fengsel.