Hopp til innhold

Politiet veit enno ikkje motiv for Københavnskytinga

Politiinspektør Dannie Rise seier at det kjem til å ta tid å kunne seie noko konkret om motivet for skytinga på eit kjøpesenter i København søndag.

Totalt 10 personar blei skotne på kjøpesenteret, opplyser København-politiet på ein pressebrief måndag ettermiddag. Tre blei drepne.

– Det er ikkje noko på noverande tidspunkt som peikar på ein relasjon mellom den sikta og dei råka, seier Rise.

Fleire videoar florerer på sosiale medium etter skytinga.

Politiet åtvarar publikum mot å dele desse vidare, og ber heller om å sende videomateriale til politiet.

Dei har allereie motteke mange videoar og vitneforklaringar.

– Det er viktig at vi får så mange detaljar som mogleg, seier politiinspektøren.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no