Hopp til innhold

Politiet tapar kampen mot doping

Politiet greier ikkje å ta dei som står bak dopingkriminalitet, slår politiet fast i ein ny rapport.

Eigne tal frå politiet viser at det blir omsett dopingpreparat for ein halv milliard kroner kvart år.

Politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane, der rapporten er laga, er ikkje overraska over at politiet ikkje greier å ta dei kriminelle.

- Politiet har for dårleg kompetanse og området blir ikkje prioritert, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no