Hopp til innhold

Politiet stoppar Sian-markering i Oslo på laurdag

Politiet har etter ei heilskapsvurdering kome fram til at Sian-arrangementet laurdag 2. juli framfor Stortinget i Oslo ikkje kan gjennomførast slik trusselsituasjonen er i dag.

Natt til laurdag 25. juni blei det begått ei svært alvorleg valdshandling i Oslo sentrum. Ei av politiet sine hypoteser er at det handla om islamistisk terror, og PST har som følge av hendinga sett terrortrusselnivået i Norge til nivå 4. Sian er ei anti-islamsk gruppe.

Politiet vurderer at det framleis er ein uavklart trussel om alvorlege valdshandlingar knytt til hendinga. På grunn av frykt for alvorlege ordensforstyrringar, må arrangementet flyttast til eit anna tidspunkt, opplyser dei i ei pressemelding.

ARKIVBILDE: Demonstrasjon mot Sian på Eidsvoll plass i 2020
Foto: Geir Olsen / Geir Olsen

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no