Hopp til innhold

Politiet opnar for at folk som har bestilt reise kan søke nødpass

Politiet har no moglegheit til å tilby nødpass til fleire. Dei opnar opp for at alle som ha bestilt reise kan søke om nødpass.

Ein kan tidlegast søke sju dagar før planlagt reise. Dette gjeld frå midnatt torsdag 7. juli, opplyser politiet i ei pressemelding.

– Vi understrekar at det ikkje er sikkert at alle som ynskjer det vil få nødpass, og at det kan bli lange køar enkelte stader, seier Bjørn Vandvik i Politidirektoratet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no