Hopp til innhold

Politiet om Sian-påkøyrsel: Alvorleg hending

Politiet vurderer hendinga der Sian-leiar Lars Thorsen sin bil blei påkøyrd av ein annan bilist i dag, som alvorleg. Det opplyser Oslo politidistrikt i ei pressemelding.

Fire personar blei køyrde til legevakta og ein person til Ullevål sjukehus.

– Det er grunn til å tru at bilen blei påkøyrd med vilje, skriv politiet.

Ein person er sikta for hendinga der bilen til Thorsen blei påkøyrd og enda opp på taket langsmed E6 ved Mortensrud.

Politiet stoppa den andre bilen på ein parkeringsplass i nærleiken av hendingsområdet. Bilføraren er pågripen og sikta for grov kroppsskade.

– Vi etterforskar kva som har skjedd. Vi gjennomfører avhøyr, og går mellom anna gjennom videomateriale, skriv politiet.

Dei legg til at dei vurderer eventuelle tiltak når det gjeld tryggleiken til personane som var involverte i hendinga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no