Hopp til innhold

Politiet åtvarar mot overgrepstrend

Born og unge sel sex til andre unge i sosiale medium, og det utviklar seg ofte til overgrep. Agder-politiet slår alarm og ber foreldre følgja med, skriv NTB.

Fædrelandsvennen skreiv denne veka om trenden som uroar politiet og overgrepsmottaket i Agder. Fleire unge, både jenter og gutar, sel nakenbilde og sex til andre unge, og det utartar seg ofte til valdelege overgrep, seier politiet.

Ofra er born ned i 13-årsalderen, medan overgriparane i stor grad er mellom 15 og 19 år.

Det har fått politiet til å gå ut med åtvaring til tenåringsforeldre.

– Grenser er flytta. Og vi må erkjenna det. Difor er det så viktig at du set deg ned med barnet ditt og ungdommen din. Ver modig!, skriv politiet og overgrepsmottaket i Agder i eit felles fråsegn.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no