Hopp til innhold

Pilotar skaut seg ut frå finsk fly

Eit treningsfly frå det finske luftforsvaret styrta måndag sør for Keuruu i Vest-Finland, skriv den finske kringkastaren Yle.

Pilotane skaut seg ut ved hjelp av utkastingsseta i flyet, seier Suvi Sunnarborg i flyforsvaret. Det blei sett i gang ein redningsaksjon etter dei to som var i flyet, som blei sendt til sjukehus for helsesjekk.

Flyet var av typen Hawk, som det finske flyforsvaret har fire variantar av. Flya blir i hovudsak brukt til avansert og taktisk flytrening for pilotar.

Hawk fly
Foto: Det finske luftforsvaret

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no