Hopp til innhold

Person knivstukken i Lillestrøm - tre personar pågripne

Natt til søndag blei ein mann i 30-åra knivstukken i eit bein i Lillestrøm sentrum. Han blei frakta til Akershus universitetssykehus med ikkje kritiske skadar.

– Vi har pågripe to menn på staden, seier operasjonsleiar Lisbeth Mjøsund til NRK.

Noko seinare opplyser politiet at tre er tatt.

Politiet arbeider med å kartlegge hendingsforløpet.

– Ut frå opplysningar vi har, så framstår det ikkje som eit tilfeldig offer, fortel Mjøsund.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no