Hopp til innhold

Påvist omikron i Danmark

Danske myndigheiter stadfestar at to personar har fått påvist omikronvarianten i Danmark.

Det har tidlegare vore ei mistanke om at dei to kunne vere smitta med varianten. No er prøvene ferdig analysert og helsemyndigheitene kan stadfeste at omikron er kome til landet.

– Det var forventa og vi vil halde fram med intensiv overvaking av smitten i landet, seier direktør Henrik Ullum i ei pressemelding.

Dei to som er blitt smitta er i isolasjon. Også nærkontaktar vil bli oppfordra til å isolere seg

– Vi ynskjer å trekke ut tida så vi rekk å vaksinere flest mogeleg og kome gjennom vinteren før den for alvor kjem til Danmark, slik vi forventar, seier Ullum.

Omikron-varianten vart først påvist i Sør-Afrika for få dagar sidan. I Europa er den påvist i Nederland, Tyskland, Tsjekkia og Italia

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no