Hopp til innhold

Paven og to andre kristne leiarar på besøk i Sør-Sudan

Pave Frans, erkebiskopen av Canterbury og leiaren for Den skotske kyrkja er for første gong på eit felles besøk i verdas yngste land, Sør-Sudan. Besøket er ein del av det som blir kalla «pilegrimsreisa for fred».

Laurdag skal paven møta katolske biskopar i hovudstaden Juba og besøka folk som er drivne på flukt av konfliktane som har herja i landet. Søndag skal dei tre kristne leiarane ta del i ei felles bøn, der det er venta at 50.000 menneske vil delta.

Sør-Sudan, med ein stor katolsk befolkning, har vore ramma av konfliktar etter at landet blei uavhengig i 2011. I 2013 braut det ut borgarkrig i landet, og pave Frans håper besøket kan bidra til å setta i gang ein ny fredsprosess.

Pope Francis visits South Sudan
Foto: VATICAN MEDIA / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no