Pasjinian leier valet i Armenia

Borgarkontrakten, noverande statsminister Nikol Pasjinian sitt parti, leier valet i Armenia, ifølgje Reuters. Etter at stemmer frå 8 prosent av distrikta er talte opp, viser foreløpige resultat ei leiing på 61 prosent til Pasjinians parti, medan allianse til tidlegare president Robert Kotsjarjan ligg an til 17 prosent.

Nikol Pasjinian i Armenia
Foto: Tigran Mehrabyan / AP / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no