Vil fortsette med raudgrønt
– Trygve seier mykje interessant, seier Jonas Gahr Støre. Han ynskjer å samarbeide med Senterpartiet og SV i ei eventuell regjering.
Partileiardebatten i Arendal august 2020.
– Trygve seier mykje interessant, seier Jonas Gahr Støre. Han ynskjer å samarbeide med Senterpartiet og SV i ei eventuell regjering.
– Me ynskjer ei Sp-Ap-basert regjering, det har eg vore heilt klar på, seier Trygve Slagsvold Vedum. Han vil ikkje svare konkret på kva det er med SV, MDG og Raudt som gjer at han ikkje vil samarbeide med dei.
– Under den sittande regjeringa har forskjellane mellom folk auka, og du har fungert som eit støttehjul som ingen eigentleg vil samarbeide med men som alle er avhengige av, seier Jonas Gahr Støre til Siv Jensen.
– Dersom dei raudgrøne vinn valet vil det bety mykje meir skattar og avgifter for folk, dersom de i det heile tatt klarar å verte samde dykk i mellom, seier Siv Jensen til Jonas Gahr Støre.
– Me gjer begge delar på ein gong. Me er med på ei vaksinefordeling internasjonalt, men må også sikre at dei sårbare i Noreg vert vaksinert, seier Erna Solberg.
Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.