Hopp til innhold

Paludan stiller til val i Sverige

Rasmus Paludan stiller til val i Sverige i haust, skriv Aftonbladet. Paludan skal ha levert erklæringa til valdirektoratet onsdag.

– Eg kan stadfeste at Rasmus Paludan stiller til val for partiet Stram kurs, seier Maria Ekman i det svenske valdirektoratet.

I samband med markeringane hans i Sverige i påska blei det utløyst ei rekke valdelege opptøyar, særleg mot politiet.

Rasmus Paludan i Oslo sommaren 2019.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no