Hopp til innhold

Pakistan vil etterforske indisk rakettskyting

Pakistan krev ei felles etterforsking etter at India skal ha fyrt av eit missil mot landet ved eit uhell. Indiske styresmakter sa dei ville gjennomføre ei intern gransking, men det går ikkje pakistanske styresmakter med på, melder Reuters.

– Ei så alvorleg sak kan ikkje India etterforske aleine, seier det pakistanske utanriksdepartementet i ei fråsegn.

India sa fredag at avfyringa av missilet denne veka var ein teknisk feil under eit rutinemessig vedlikehald.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no