Hopp til innhold

Over 95.000 borte frå jobb på grunn av psykiske lidingar

I tredje kvartal i år var 95.626 personar sjukmelde på grunn av psykiske lidingar. Det viser tal frå Nav som P4 har henta inn.

Det er ein auke på 33,65 prosent frå 2018.

Nav-direktør Hans Christian Holte meiner pandemien er ein viktig årsak til dei nye tala.

66 prosent av dei som blir heime frå jobb på grunn av psyken er kvinner.

– Kvinner har eit større ansvar i det daglege, for å få det praktiske til å gå rundt, seier generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for Psykisk helse til kanalen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no