NRK Meny
Kvinne går i snø ved Kabul i Afghanistan
Foto: OMAR SOBHANI / Reuters

Over 90 døde i snøskred i to land

Oppsummert

Over 90 menneske har mist livet i Afghanistan og Pakistan på grunn av snøskred og streng kulde dei siste dagane, opplyser styresmaktene i dei to landa. Mange er også sakna i snømassene. Dei mange skreda er utløyst etter tre dagar med kraftig snøfall.

  • 96 omkom i snøskred i Afghanistan

    I Afghanistan seier styresmaktene at minst 82 mennesker er døde i snøskred i fleire provinsar nord og aust i landet. Mange omkom etter at snøskred knuste hus og mange er sakna i snømassane. I nabolandet Pakistan er minst 14 funne døde.

  • 14 omkom i snøskred i Pakistan

    I Chitral nordvest i Pakistan er 14 menneske døde etter at eit snøskred begravde fire bustadhus. Blant dei omkome er seks barn. 11 menneske vart redda ut frå skredet i live, opplyser pakistansk TV.

    Snø i nordlige del av Pakistan.
  • 38 omkom i snøskred i Afghanistan

    Minst 38 menneske omkom i snøskred og følgjeulukker av det uvanleg kraftige snøfallet dei siste tre dagane, opplyser styresmaktene i landet til AP. I tillegg er fleire enn 20 menneske skadde. Rundt 20 hus er tekne av skred og 50 hus er øydelagde.

    Snø i Kabul i Afghanistan
    Foto: OMAR SOBHANI / Reuters
  • Snøkaos gav fridag i Afghanistan

    Det store snøfallet i Afghanistan har gjort mange vegar uframkommelege, og regjeringa har erklært dagen i dag for nasjonal fridag. 22 av dei 34 provinsane i landet har dei siste tre dagane fått uvanleg store snømengder.

    En eldre mann måker snø i Kabul i Afghanistan
    Foto: SHAH MARAI / AFP
  • Over 30 døde i snøskred

    Over 30 mennesker har mistet livet i Afghanistan og Pakistan på grunn av snøskred og streng kulde, opplyser myndighetene. Mange mennesker er fanget i flere snøskred som ble utløst etter tre dager med kraftig snøfall.

Snø i nordlige del av Pakistan.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no