Over 2300 døde etter jordskjelv i Tyrkia og Syria
Totalt 1498 menneske er bekrefta omkomne i Tyrkia etter at landet blei ramma av jordskjelv måndag, opplyser sjefen for den tyrkiske kriseberedskapen AFAD.
Dei kraftige jordskjelva har også ramma nordlege delar av Syria, der minst 810 menneske er bekrefta omkomne, ifølge syriske medium og redningsmannskapet i landet. Tilsaman er talet på døde nå over 2300 menneske.