Hopp til innhold

Over 160 SAS-flygingar blir innstilte tysdag

Tysdag blir 161 SAS-flygingar i Noreg innstilte som følge av pilotstreiken.

Ifølge VG si flyoversikt blei 78 SAS-flygingar innstilte måndag, medan 161 av selskapet sine flygingar blir kansellerte tysdag. 77 av flygingane er til utlandet, medan 84 er innanlandsflygingar.

900 SAS-pilotar gjekk ut i streik måndag etter at meklinga mellom SAS og pilotane ikkje førte fram.

Riksmeklar Mats Ruland seier det er ein tung dag.

– Eg synest det er veldig trist. Partane er skuffa over at det har blitt ein konflikt. Her har det vore investert mykje tid og ressursar i å prøve å løyse dette. Det har blitt jobba intensivt i ein veldig lang periode utan at vi har klart å komme i mål, seier han til NRK.

(NRK / NTB)

riksmekler Mats Wilhelm Ruland
Foto: ksenia novikova / nrk

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no