Hopp til innhold

Over 1500 valdshendingar ved skular i Bergen

1. september hadde det kome inn 1511 meldingar om valdshendingar mot lærarar ved skulane i Bergen. Hovudverneombod Jenny Rømo vurderer å stenge skular, skriv Utdanningsnytt.

– Som hovudverneombod kan vi stenge når vi meiner arbeidsplassen er til fare for liv og helse, seier Rømo.

Talet på valds- og trusselhendingar er høgast blant dei yngste elevane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no