Over 140 drepne i Jemen

Over 140 menneske er drepne i kampar om Marib-provinsen i Jemen denne veka, opplyser kjelder i militæret og helsevesenet.

Både opprørarar og styrkar knytt til den internasjonalt godkjende regjeringa i Jemen er blant dei drepne, opplyser kjelder til nyheitsbyrået AFP.

Minst 51 er lojalistar som vart drepne i samanstøyta i den sørlege provinsen Shabwa. 93 er houthi-opprørarane, og mange døydde under luftangrep, ifølgje kjeldene.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no