Over 1000 døde i Storbritannia
Over 1000 personar er no døde som fylgje av koronaviruset i Storbritannia. Det opplyser det britiske helsevesenet NHS laurdag ettermiddag. Det siste døgnet har 260 personar døydd som fylgje av viruset og det nøyaktige dødstalet er no 1019.