Ossietzkyprisen til afghanarar

Ossietzkyprisen for 2021 blir tildelt frie ytrarar frå Afghanistan for den viktige innsatsen dei har gjort for ytringsfridomen, skriv Norsk PEN i ei pressemelding.

Omgrepet ytrarar omfattar aktivistar, journalistar, redaktørar, kunstnarar og andre som har fremja ytringsfridomen på fredeleg vis.

Forfattar Abdul Samay Hamed skal ta i mot prisen på vegner av afghanske ytrarar på Litteraturhuset i Oslo 15. november.

Norsk PEN er den norske avdelinga av PEN International, den største skribent- og ytringsfridomsorganisasjonen i verda.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no