Oslopolitiet åtvarar mot telefonsvindel
Det er mange som tek kontakt med politiet i Oslo etter at dei har blitt forsøkt svindla.
Det blir ringt frå eit telefonnummer som kan forvekslast med nummeret til Oslo-politiet, skriv Oslo politidistrikt på Twitter.
Personen oppgir at vedkommande ringer frå Økokrim og forsøker og skaffe kontoinformasjon og passord, ifølge politiet.
Økokrim skriv at ein aldri skal oppgje passord eller informasjon om Bank ID til andre.
– Om nokon ringer og forsøker å få deg til å dele denne informasjonen, så er det best å legge på, tvitrar dei.