Hopp til innhold

Oslo Børs med nedgang

Oslo Børs runda av ei veke som inkluderte ein av dei verste dagane i år, med ein nedgang på 0.23 prosent til 1155 poeng.

Det vart ein tøff start på veka etter nyheita om gjeldskrisa i det enorme kinesiske eigedomsselskapet Evergrande. Måndagen vart ein av årets verste børsdagane, der hovudindeksen sokk 2,35 prosent.

Dei siste dagane har vore prega av opptur, men fredag peika pila igjen ned. Ved børsslutt låg hovudindeksen på 1155 poeng, som er ein nedgang på 0,23 prosent.

Det skjer sjølv om oljeprisen gjekk i motsett retning og steg 0,56 prosent til 77,68 dollar fatet ved stengjetid klokka 16.30.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no