Hopp til innhold

Ordførar kritisk til koronatiltak

Ei knapp veke etter at fleire ordførarar i Vestland i eit skarpt brev bad regjeringa om nasjonale koronareglar, la regjeringa fram sine forslag til bekjemping av omikron-varianten.

Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik, seier han er skuffa over tiltaka.

– Eg trur ikkje brevet vårt hadde så mykje å seie, så eg føler ikkje me har blitt høyrt. Dei skyv ansvaret tilbake til kommunane, seier Indrevik.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no