Hopp til innhold

Opposisjonspartia og SV har blitt einige om NTP

Det blir fleirtal for prosjekta som SV og opposisjonspartia vil prioritera i Nasjonal transportplan (NTP).

Det kjem fram etter eit møte med transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget i dag, der dei la fram sitt forslag.

SV brøyt nyleg samarbeidet med regjeringspartia, og slo seg saman med opposisjonen, som dermed får fleirtal.

Prosjekta dei vil prioritera vart presentert allereie førre veke.

– Me er blitt offisielt einige om det me presenterte då, seier Trond Helleland (H).

SVs Mona Fagerås seier dei no har kome fram til eit grønare alternativ til regjeringas plan. Aps Marte Mjøs Persen fryktar at forslaget skal føra til vegkaos på sikt.

– Kor pengane til desse prosjekta skal kome frå er ikkje opposisjonen einige om. Me fryktar at det skal gå over vedlikehald av dagens vegar, seier ho.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no