Hopp til innhold

Opposisjonen krev annullering av valet

Dei to partia som tysdag formiddag ligg an til å tape valet i Nigeria krev at resultatet blir annullert. Oppteljing held på framleis, men tysdag ettermiddag ligg regjeringspartiet APC med Bola Tinubu som presidentkandidat best an til å vinne.

Nigerias største opposisjonsparti, People's Democratic Party, og det nye utfordrarparti Labour Party, har kome med eit felles utsegn der dei kritiserer gjennomføringa av valet og krev at resultatet blir annullert.

Talspersonar for partia seier dei har mista tillit til prosessen. Det har i dagane etter valet på laurdag blitt avslørt fleire tilfelle av uregelmessig gjennomføring av valet, og valkommisjonen i landet har fått kritikk frå både utanlandske valobservatørar og vanlege nigerianarar.

Det er venta at eit endeleg resultat kan kome innan onsdag morgon.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no