Hopp til innhold

Opplyste ikkje om bindingar

Overlege og professor Pål André Holme har dei siste fem åra fått over ein million kroner frå Pfizer og Bayer, men oppga likevel ingen interessekonflikter då han medpubliserte ein artikkel om biverknader av AstraZeneca-vaksinen, skriv Klassekampen.

Artikkelen vart publisert i det prestisjetunge medisintidsskriftet New England Journal of Medicine, og konkluderte med at blodpropp som tok livet av tre helsearbeidarar, kom av AstraZeneca-vaksinen.

Holme måtte på førehand fylle ut eit dokument, der han kryssa «nei» på spørsmål om han hadde motteke pengeoverføringar frå relevante aktørar dei siste 36 månedane, og om han hadde koplingar som kunne skape tvil om habilitet. Både Bayer og Pfizer konkurrerer med AstraZeneca om vaksiner.

Holme viser til medievakta ved OUS, som seier at Holme ikkje gjorde noko gale, og at han gjorde rett ved å krysse «nei».

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no