Hopp til innhold

Oppgang i leigeprisane i andre kvartal

Leigeprisane har stige med 4,2 prosent det siste året. For andre kvartal steig leigeprisane med 2,7 prosent i dei fire store byane.

Det viser utleigestatistikken til Eiendom Norge.

Stavanger og Sandes har hatt den sterkaste veksten med ein oppgang på 5,2 prosent, følgd av Oslo med 3,2 prosent og Trondheim med 3,1 prosent.

Men i Bergen gjekk leigeprisane ned med 3,1 prosent, etter ein kraftig oppgang i første kvartal.

Talet på bustader til leige på Finn.no i dei store byane ved utgangen av andre kvartal er 2191. Det er historisk lågt, ifølge administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

– Vi har aldri tidlegare registrert eit så lågt tilbod av bustader til leige på Finn.no. I Oslo er tilbodet på eit urovekkande lågt nivå, noko som stemmer godt med skildringa av tilstanden i utleigemarknaden i august som har kome fram i media, seier han i ei pressemelding.

Statistikken er eit samarbeid mellom Eiendom Norge, Eiendomsverdi, Finn og profesjonelle utleigeaktørar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no