Hopp til innhold

Ønsker Nato-senter for å overvake undersjøisk infrastruktur

Noreg og Tyskland foreslår at Nato skal opprette eit senter som skal styrke vernet av undersjøisk energi-infrastruktur.

Det er klart etter at Jonas Gahr Støre og Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz møttest i Berlin onsdag.

Eit slikt senter bør bli organisert med privat sektor, slik at ein kan samordne planar og tryggleik for å hindre sabotasje i framtida, sa statsleiarane etter møtet.

Seinare i kveld skal dei møte Natos generalsekretær Jens Stoltenberg. Då skal dei legge fram framlegget direkte for han.

Jonas Gahr Støre og Olaf Scholz
Foto: Javad Parsa / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no