Hopp til innhold

Omkom i MC-ulukke på Voss

Ein motorsykkelførar i 60-åra omkom i ei ulukke mellom Voss og Granvin seint tysdag kveld. Mannen har truleg kollidert med ein bom ved inngangen til ein tunnel.

Riksveg 13 er stengd på ulukkesstaden medan politiet og Vegvesenet gjer tekniske undersøkingar. Det er omkøyring på gamlevegen, opplyser operasjonsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt til NRK. Det er ikkje bestemt når vegen kan gjenopnast.

Den omkomne er ikkje heimehøyrande i distriktet. Dei pårørande er varsla.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no