Hopp til innhold

Omikron skapar usikkerheit

Omikron skapar usikkerheit for norsk økonomi.

Det legg SSB fram i ein rapport som ser på prognosane for norsk og internasjonal økonomi.

– Det har vore ein enorm vekst i økonomien den siste tida. No er det meste av innhentinga unnagjort, og vi er nære å vera heilt tilbake til eit normalt aktivitetsnivå, seier forskar Thomas von Brasch.

Framover er det venta at den økonomiske veksten held ram, men at det vil foregå i eit lågare tempo enn dei siste månadane.

«Prognosane for dei neste åra er at økonomien vil vera konjunkturnøytral», skriv SSB.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no