Hopp til innhold

Lekkasje frå oljeanlegg i Sør-England

Det har oppstått ein lekkasje ved Wytch Farm-anlegget på sørkysten av England. Anlegget er eitt av dei største landbaserte oljefelta i Europa.

BBC skriv at rundt 200 fat med reservoarvæske har runne ut i vatnet ved Poole hamn. Reservoarvæske kan innehalde ulike typar olje.

Hamnestyret seier at lekkasjen oppstod i ein røyrleidning. Alle som har vore i kontakt med væska må omgåande vaske seg med såpe og vatn, opplyser dei.

Arbeidet med å samle opp olja er i gang og leidningen er avstengd. Det britiske miljødirektoratet skal ha fått melding om lekkasjen søndag ettermiddag, og bistår no i handteringa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no