Hopp til innhold

Også blodpropp etter mRNA-vaksine

Legemiddelverket melder torsdag at europeiske legemiddelstyresmakter (EMA) har informert om at det er meldt om tilfelle av blodpropp kombinert med eit lågt tal på blodplater også for mRNA-vaksiner.

På verdsbasis er det gitt om lag 200 millionar dosar av mRNA-vaksinene frå Pfizer/Biontech, og om lag 80 millionar dosar av mRNA-vaksinen frå Moderna.

Det er meldt om 25 tilfelle av blodpropp kombinert med låge blodplater etter bruk av Pfizer/Biontech, og 5 tilfelle av blodpropp kombinert med låge blodplater etter bruk av Moderna. To av desse meldingane er frå Noreg.

Det opplyser Legemiddelverket i ei pressemelding.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no