Obi vann knipen siger i Lagos
Peter Obi har vunne ein veldig knipen siger over Bola Tinubu i Lagos, melder Reuters. I forkant av valet var det venta at Tinubu var favoritt til å vinne i Nigerias mest folkerike by, der han tidlegare har vore guvernør.
Men landets valkommisjon melder no at utfordraren Obi har vunne ein overraskande siger i byen.
Oppteljinga av stemmer i Nigeria er godt i gang, og det er førebels heilt uklart om nokon får over 50 prosent av stemmene og blir president, eller om det blir ein runde nummer to.