Hopp til innhold

Nytt oljefunn i Norskehavet

Neptune Energy og lisenspartnarane stadfestar eit nytt funn i leitebrønnen Calypso i Norskehavet.

Førebelse utrekningar viser at det utvinnbare volumet er på mellom 1 og 3,5 millionar kubikkmeter, som svarar til 6–22 millionar fat, melder NTB.

Calypso er Neptune Energys tredje funn på seks månader på norsk sokkel. Feltet ligg 14 kilometer nordvest for Draugen-feltet og 22 kilometer nordaust for Njord A-plattforma.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no