Slo til mot mogelege nynazistar i Tyskland
Politiet i 11 tyske forbundsstatar har onsdag gjennomført ransaking heime hos 50 personar som er mistenkte for vere tilknytt eit nynazistisk nettverk i Tyskland, melder Spiegel. Fire av dei mistenkte er arresterte. Dei er blant anna sikta for medlemskap i ein terrororganisasjon eller ein kriminell organisasjon, og for å drive ei nynazistisk foreining, trass i at dette er forbode i Tyskland.