Nyfødde fekk same fødselsnummer

To nyfødde ved Ahus fekk i juni tildelt same fødselsnummer.

Datasystema ved Ahus og Folkeregisteret reagerte ikkje på at to ulike personar hadde same personnummer, skriv Digi.no.

Feilen blei først oppdaga då det eine barnet blei kalla inn til time for ei behandling.

Ifølge avviksmeldinga som blei sendt til Datatilsynet, var årsaka ein menneskeleg feil og mangel på oppfølging.

Forvekslinga skal ikkje hatt noko å seie for helsehjelpa barna har fått.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no