Hopp til innhold

Nye krav til drosjenæringa frå nyttår

Regjeringa innfører fleire nye krav til drosjenæringa frå nyttår, melder Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.

– Blant anna vil vi innføre krav om bankgaranti, krav til taklampe og krav til dokumentasjon om taksameter og at køyretøyet er registrert som drosje i køyretøyregisteret, seier samferdselsminister Jon Ivar Nygård.

Krava blir innført frå 1. januar 2023, og er ein del av regjeringas plan for å sikre ein seriøs drosjebransje.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no