Hopp til innhold

Ny vurdering: Helsefordelane med å auka inntaket av fisk veg opp for dei negative effektane

Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) presenterte i dag ei ny vurdering av nytten og risikoen av fisk i det norske kosthaldet.

Konklusjonen er at helsefordelane som kjem av å eta fisk, veg opp for dei negative helseeffektane av å få i seg miljøgifter frå fisk. Det gjeld for alle aldersgrupper, skriv VKM på sine nettsider.

Analysen til VKM viser at konsekvensane av å eta mindre enn 150 gram fisk i veka, kan auka risikoen for sjukdom og dødsfall. Ved å eta meir fisk går risikoen for hjartesjukdommar og slag i befolkninga ned.

Samtidig vil eit auka inntak av fisk føra til at nesten alle aldersgrupper vil få i seg miljøgifter over tolegrensa. Konsekvensane av å få i seg for mykje av miljøgiftene dioksiner og dioksinliknande PCB- og PFAS-er, er dårlegare sædkvalitet og lågare effekt av vaksinar hos barn.

VKM har ikkje undersøkt i kva grad desse helseutfalla bidrar til sjukdomsbyrda i Noreg. Fagleg leiar for arbeidet, Lene Frost Andersen, peiker på at det er mange andre kjelder til desse miljøgiftene i norsk kosthald.

Per i dag et nordmenn mindre fisk enn det som er anbefalt frå Helsedirektoratet. Dei anbefaler å eta fisk til middag to til tre gonger i veka og i tillegg bruka fisk som pålegg. Det blir 300–450 gram fisk i veka for vaksne.

Vurderinga frå VKM skal Mattilsynet bruka til å oppdatera sine råd og åtvaringar rundt det å eta fisk.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no