Ny smitterekord i Singapore

Tysdag registrerte Singapore 2236 nye koronasmitta. Det er det høgste døgntalet som er registrert.

I tillegg er det registrert fem koronarelaterte dødsfall tysdag. Det opplyser helsemyndigheitene i landet. Samla er det 30 koronarelaterte dødsfall i september, som er det høgse månadstalet som er registrert så langt.

Smitteauken kjem ein dag etter at landet stramma inn restriksjonane. Folk blir blant anna bedne om å ha heimekontor, og restaurantar får berre ha to personar per bord.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no