Ny nasjonal flyalarm i Ukraina
Flyalarmen har gått i heile Ukraina, ifølge ukrainske styresmakter, melder Reuters.
– Dette er ein nasjonal flyalarm for Ukraina. Gå til tilfluktsromma, skreiv styresmaktene i Telegram.
Alarmen gjekk også på måndag, men då kom det ikkje noko angrep.