Ny lava-elv truar busetnad

Ei ny elv av lava begynte laurdag å renne frå vulkanen på La Palma. Den har allereie slukt fire bustadar, og fleire er i faresona, skriv Sky News.

Elva oppstod som følge av ein delvis kollaps av opninga til vulkanen, og den bevegar seg mot den vestlege kysten.

Rundt 1200 bygningar har blitt heilt eller delvis øydelagde som følge av utbrotet, som starta 19. september. 6000 personar har blitt evakuerte.

Spain Volcano
Foto: Daniel Roca / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no