Ny demonstrasjon i Hongkong
Tusenvis av menneske i Hongkong har samla seg i ein park der dei krev valreform og boikott av det kinesiske kommunistpartiet, melder AP. Mange av demonstrantane er kledde i svart og har ansiktsmasker. Dei held plakatar der det står «Free Hongkong».