NRK-serie vann pris i Seoul

NRK-dramaserien «Atlantic Crossing» vann juryprisen under Seoul International Drama Awards.

Serien handlar om kronprinsesse Märthas flukt til USA under 2. verdskrig. Serien har fått kritikk frå historikarar for å ha teke seg for store kunstnariske fridomar.

TV-serien er seld til 30 land, og er nominert til ein internasjonal Emmy i kategorien beste dramaserie.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no