Ulykke Sverige
Foto: Monika Bruhn/SVT

Norsk turistbuss i ulukke i Sverige

Oppsummert

Ein norsk turistbuss med over 20 passasjerar frå Myanmar om bord har køyrt av vegen ved Örebro i Sverige. Fem er sendt til sjukehus, to er alvorleg skadde, men ikkje livstrugande.

  • To alvorleg skadde etter bussvelt

    To personar er alvorlege skadde, men ikkje livstrugande, etter at ein norsk buss velta i Örebro i Sverige laurdag føremiddag. Universitetssjukehuset i Örebro seier no at totalt fem er på sjukehus, ikkje åtte slik politiet først meldte om.

  • – Folk er litt sjokkskadde

    Elleve menneske skal vere sendt til legevakta i Örebro i Sverige etter bussvelten, i tillegg er fem på sjukehus. Dei elleve på legevakta skal ikkje vere fysisk skadde, men kjenner seg dårlege og er litt sjokkskadde, fortel politiet til NRK.

  • – Ingen er fastklemde

    Ifølgje den svenske redningstenesta som arbeider på staden der den norske turistbussen har køyrt av vegen, skal ingen av passasjerane om bord vere fastklemd etter velten. På bilete frå staden kan ein sjå at bussen ligg på sida utanfor vegen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no