Hopp til innhold

Norsk barnevernssak i Bollywood-film

Den 17. mars er det premiere på den indiske filmen «Mrs. Chatterjee vs. Norway», som handlar om ei norsk barnevernssak frå 2012. I indiske medium blei saka kalla «Norway Nightmare».

Ei av India sine største filmstjerner, Rani Mukherjee, spelar hovudrolla som mora i familien, og filmen har fått enorm promotering.

Eit indisk ektepar opplevde i mai 2011 at deira to barn, på fem månader og tre år, blei tatt frå dei av barnevernet i Stavanger, etter at dei hadde mottatt bekymringsmeldingar frå barnehagen til barna. Saka skapte store reaksjonar i India, og førte til at dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) måtte forhandla med indiske myndigheiter for å løysa tvista. Det enda med at onkelen fekk omsorga for barna.

Forfattar av boka Det moderne India, Rina Sunder, seier til VG at filmen portretterer Noreg i eit dårleg lys.

– Det etterlatne inntrykket av traileren vil vera at Noreg er eit inhumant land med eit barnevern som stal barn. Fosterheimar blir omtala som ei foretningsverksemd. Det er svært uheldig at Noreg og nordmenn bli omtala som ikkje-menneske, seier Sunder til VG.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no