Hopp til innhold

Noregs ambassadør kalla inn på teppet i Iran

Den norske ambassadøren til Iran blei laurdag kalla inn på teppet til iranske styresmakter, melder Reuters, som siterer det iranske nyheitsbyrået ISNA.

Bakgrunnen for innkallinga skal vere det dei kallar innblanding frå stortingspresident Masud Gharahkhani i interne forhold.

Gharahkhani er sjølv frå Iran. Han har reagert sterkt på nyheita om at 22 år gamle Mahsa Amini døydde i politiets varetekt i Iran. Dødsfallet har utløyst store demonstrasjonar i Iran.

Gharahkhani har blant anna publisert fleire meldingar på sosiale medium der han støttar demonstrantane. han har også laga ein video på persisk som har blitt spreidd på nettet, blant anna av BBC.

UD opplyser til NRK at dei ikkje kjenner til at ambassadøren skal ha blitt kalla inn.

Også den britiske ambassadøren har vore i møte med iranske styresmakter i helga, ifølge nyheitsbyrået.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no