Hopp til innhold

Noreg gir 1 milliard kroner til å sikra straumforsyning i Ukraina

Noreg vil støtta Ukraina med 1.1 milliardar kroner for å sikra Ukraina si kraftforsyning. Det skriv Statsministerens kontor i ei pressemelding.

– Russland gjennomfører massive og systematiske angrep for å slå ut kraftforsyninga, mens ukrainarane jobbar kontinuerleg for å sikra befolkninga straum til det mest nødvendige, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Dette nye bidraget på 1.1 milliardar kroner skal hjelpa Ukraina å bygga opp att kritisk infrastruktur.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no